Preike ved høgmesse på DNKK-stemne,
Nicolaikirken, Gran, Hadeland, 29.10.23
Tekstar: Jes 45,1-8; Fil 3,17-4,1; Matt 22,15-22
Denne søndagen gjeld det om å kunne skjelne rett mellom keisar og gallilear, og vite kvar vår lojalitet høyrer heime.
Tenk som predikant å kunne få ei slik attest som Jesus fekk av farisearane:
« …. at du er ærleg, lærer oss Guds veg, ikkje bryr deg om kva andre meiner, for du gjer ikkje skil på folk.»
Slik skal ein prest vere, truverdig og sannferdig.
No avslørte Jesus dette som smisking. Og diskursen om skattemoralen enda med at farisearane lunta derifrå.
Gud gir faktisk keisarane mandat: Å verne det gode livet. Slik vi høyrde profeten Jesaja forkynte om persarkongen Kyros: Herren har gripe hans høgre hand, kalla han med namn, spent beltet om livet på han og gitt han ei livsoppgåve. Med den eine hensikt: At Kyros skal innsjå at Gud er Herren og ingen annan.
Apostelen Paulus stadfester det same i Areopagos-talen: Gud gjev folka på jorda bustader og fastset tider og grenser for dei «… for at dei skulle leita etter Gud, om det kunne lukkast for dei å kjenna seg fram til han og finna han, endå han ikkje er langt borte frå nokon av oss.» (Apg 17, 26f).
Slik er det med dei gudgjevne rammene for det gode livet på jorda, og for at menneska skal kunne finne Han som er sanninga si kjelde og opphavsmann.
«Du hadde inga makt over meg, om du ikkje hadde fått henne ovanfrå,» seier Jesus til landshøvdingen Pilatus (Joh 19,11).
Og salmisten syng tusen år før: «Alt høyrer Herren til, jorda og alt det som fyller henne.» (Ps 24). Også styresmakta høyrer Herren til. Naturen høyrer inn under Gud. Kyrkja høyrer inn under Han. Og du gjer det. Og eg. Vi må lære oss og leve etter det. Vi skal lyde Gud. Og dei Han har innsett. Vår borgarrett er i himmelen.
Lev difor ikkje som fiendar av Kristi kors, sa apostelen i epistelteksten vi høyrde. Set ikkje di ære i det jordiske. Ingen truande skal vere sjølveigar eller fastbuande her på jorda. For du har din borgarrett i himmelen. Der har du Frelsaren. Her på jorda har du keisaren. Og enn så lenge vil Gud at du skal lyde han også.
Men historia har vist oss at keisar-psykologien ikkje vil nøye seg med delegert makt. Dei vil ha alt. Alt på fødselsdagen åt Jesus-barnet forsøkte keisaren å ta livet av han. For å kunne ha all makt.
Sjølv var eg så heldig tidleg i mi prestekarriere å få ein leksjon i dette. På 1970-talet begynte prestar her til lands å be i kyrkjebøna for ufødde born. Sokneprest Børre Knudsen fekk pålegg frå departementet om å slutte med det. Eg var sjølv prest i Oslo den tida. Vi fekk brev frå biskopen om at det ikkje var lov å ta inn i forbøna ei bøn for dei ufødde. Der og då fekk vi ei lekse om skjelning mellom sanninga og makta.
Sidan 1990-talet vil ikkje keisaren her til lands tillate oss å seie at homofilt samliv er synd. Og det er nok av skriftlærde idag som bøyer seg for den makta.
Idag vil keisaren også forby oss å seie at Gud skapte mennesket berre som mann og kvinne. Keisaren vil ha oss til å akseptere både sjølvbestemt abort og sjølvbestemt kjønn.
I mange land er det ulovleg å gå over til den kristne trua. Keisaren vil eige heile sanninga.
Keisarar tillet veldig sjeldan at vi skal lyde Gud i alle ting. «All makt i denne sal,» seier keisaren, anten han er einevaldskonge eller folkeforsamling. Då er det ‘tampen brenn’ og vår lojalitet vert sett på prøve. Når keisaren vil vere den som jorda høyrer til og alt det som fyller henne. Den som er av Sanninga, må då vite kvar lojaliteten ligg. For å kunne lyde Gud. (Apg 5,29).
I ein gitt situasjon kan dette verke reaksjonært. Men like gjerne er det revolusjonært. For det tilkjem Gud å forme livet og lære bort kva som er rett og sant.
Jesus står med biletet av keisaren i handa når han seier at vi skal gi keisaren det som tilkjem han. Det er ei guddomeleg ordning. Men det gjeld berre det som mynten symboliserer. Lat han få det. Ingen av oss må vere skattesnytar eller lovbrytar.
Guds bilete, derimot, er prega i menneskeansiktet. Vi er Guds skaparbilete. Å gi Gud det som Guds er, er å gi han livet ditt med alt tilbehør.
Difor gjeld det apostoliske ordet: «Så legg eg dykk på hjarta, brør, ved Guds miskunn, at de må bera fram lekamen dykkar til eit levande og heilagt offer som er til hugnad for Gud.» (Rom 12,1).
Takkofferet i messa vår er det beste øvinga i å praktisere denne lydnaden. Det er viktig. Takkofferet øver oss i å seie ifrå kvar livet vårt høyrer til,
så all ære og pris må vere Guds, Han som er Faderen, Sonen og Den Heilage Ande, no og alltid og i all æve.