Biskopens visitasforedrag 2022

Bispevisitas St Johannes Døperen menighet

Oslo 9. – 11. des 2022

Desse tre dagane i St Johannes har eg samla mange inntrykk som eg skal oppsummere her kort og konsist. Eg viser elles til erkedegnen sitt notat frå møtet med menighetsråd og stab.

Viktig er det at Døyparen Johannes – arbeid vert gjort jamnt og trutt i Døyparen Johannes – kyrkjelyden. Det må kontinuerleg ryddast veg for Herren så Han får kome til orde og gjere si gjerning i sin kyrkelyd.

Hovudinntrykket mitt frå desse dagane er best oppsummert som «imponerande truskap». I 23 år har de halde igong eit stødig gudsteneste- og kyrkjelydsliv her, med prestar som vart sparka ut av Statskyrkja utan anna anerkjenning enn at kyrkjelyden her har slutta opp om dei.

Eit 40-tals medlemar har desse åra bore ’dagens byrde og hete’, både som lokalt, nasjonalt og internasjonalt vertskap. I tillegg til kyrkjelydsarbeidet har de blitt dregne inn som friviljuge til å arrangere kyrkjestemne og konferansar nesten kvart år. Det fortener de stor anerkjenning for.

De har også hatt medlemar som kyrkjelyden har teke ansvar for i ’diasporaen’, i Telemark, Buskerud og Vestfold, i Nord-Noreg, Kristiansand o.fl. Stor takk for den omsorga og innsatsen.

I seinare år har de også gjort ein stor innsats i både styre og stell av Seter gård, som ein raus eigar gav oss.

Kyrkjelyden er også prega av den kontinuerlege bønetenesta som gode menneske held oppe regelmessig og trufast, både til søndags og til kvardags.

I samtalane våre har mange vore opptekne av skuffelsen over alle dei som har tenkt og trudd som oss og som difor burde vore med oss men som har vald ein annan veg. Sameleis med alle dei som gjennom åra har blitt tekne imot her i kyrkja, fått opplæring og rettleiing men likevel har forlate oss. Eg kan forstå at de vert skuffa. Men vi skal reise oss igjen og igjen og gå vidare.

I alt dette ser eg ein kyrkjelyd med styrke og samhald. De vert lutra gjennom påkjenningar og sein vekst. Men det er dei sterkaste tre som veks seinast!

De som er trufaste og jamt går til messe og til kyrkje, vil eg også minne om at de gjer ei viktig gjerning som vegvisarar. Den som er på kyrkjeveg, skaper dragsug i retning kyrkja. «Drag meg etter deg» heiter deg i ein av julesongane. De utgjer kyrkjelyden si kontaktflate mot verda utanfor. Kvar gong du møter ein utanfrå oppstår ’sannhetens øyeblikk’. Då er det viktig å vere vaken og aktiv. Trua vår ventar at vi har «compassion to learn the questions of our generation» (Francis Schaeffer). Med tålmodets nådegåve og med kjærleg blikk for dei som lengtar, kjem vi langt på den vegen.

Styrken i kyrkjelyden viser seg også i økonomisk styrke. Mange har lagt til side midlar som vart gitt til kyrkja og som både har betalt for den jamne drifta og bygd opp fond til tyngre tider. De har også lånt ut pengar både til istandsetjing av kyrkja i Fredrikstad og til Seter gård.

Likevel har eg ei påminning å gjere her: Iflg. statistikken manglar det ein del på at alle medlemar med lønsinntekt eller pensjon deltek i den faste givartenesta. Slik givarteneste er faktisk noko meir enn berre det å vere gåvmild. Det handlar om vårt åndelege liv. Når apostelen formanar oss om å bere fram lekamen vår som eit levande og heilagt offer til hugnad for Gud, handlar det om heile livet vårt. Alt vi har, høyrer Gud til, og han tiltrur oss å forvalte det. Som kyrkje har vi større økonomiske utfordringar framfor oss. Dyrtid kan det bli, statstilskotet kan vi misse og lønsbudsjett kan vi kome til å trenge.

Om ein pensjonist tek imot 15000 kroner netto kvar månad, vil han måtte gi 450 for å oppfylle minimum-forventninga på 3% som generalsynoden vår har uttalt. Om han skal gi bokstavleg talt tiend, vert det 1500. Kvar månad. Dei som har meir å forvalte, får lage sine eigne reknestykke. Givartenesta er vårt takkoffer. Den er det sælt å vere med på. Dette må soknepresten jamnleg minne om.

Ein styrke for denne kyrkjelyden er også det kyrkjehuset de leiger. Det er høveleg stort, overkomeleg dyrt, sentralt plassert, med gode parkeringsforhold, godt tilrettelagt alt saman. Dette er det god grunn å takke for.

Det er også god grunn til å minne om at St Johannes Døperen er rikt utrusta med medarbeidarar. De har råds- og komite-medlemar, kasserar, sekretær, subdiakon, diakon og fleire prestar. De skal de gled dykk over. Og de lyt be for dei om frimot og tålmod.

Søndagen idag er nettopp Døyparen Johannes sin dag. Etter forteljinga i Matt 11 sit han i fengsel og er komen i anfektingar om han har vitna rett om Guds lam som ber verdsens synd. Han sender spørsmålet vidare til Jesus og får til svar: Evangeliet virkar. Sjå teikna, dei er tydelege. Menneske får hjelp og vender om. Evangeliet erobrar verda. Den som har auge, ser det.

Dette svaret Johannes får, er også ei melding til oss. Gud sender menneske i vår veg. Be om auge som ser dei med kjærleik, om tid til å bry seg og om ord å møte dei med. Til slike seier Jesus: «Blinde ser og lame går, spedalske vert reine og døve høyrer, døde står opp, og evangeliet vert forkynt for fattige; og sæl er den som ikkje støyter seg på meg!» (Matt 11,5f).

+ Ottar Mikael, biskop

 

 

 

Translate »