På Heilag-Olav si tid heitte det i lovverket at «det er det fyrste i lovene våre at me skal bøygja oss mot aust og beda til den heilage Krist um godt år og fred og um at me må halda landet vårt bygt og ha landsdrotten vår lukkeleg. Han vere vår ven og me hans og Gud ven til oss alle.» Under denne kulturen ligg tanken eit samfunn oppretta av Gud til folket sitt beste.
For moderne øyre kan det høyrest ut som sand i maskineriet. Men det handlar om å respektere Guds vilje som norm og velje Guds fornuft framfor menneskefornuft.
Olsok er ei årleg påminning om at denne tradisjonen har bygd kulturen vår. Så har store samfunnsendringar skjedd og menneska har lagt seg til andre normer enn dei gudgjevne og vi er vitne til eit aksellererande sedskifte: Ny verdisetjing for mennesket, ny målestokk for framgang, ny rangordning i samfunnet, nytt syn på kjønnsroller. Det merkast i lovverket og det merkast på tenkjemåte og levemåte. Det er ikkje lenger sjølvsagt at søndagen er Herrens dag. Ikkje lenger sjølvsagt at maten er Guds velsigning. Det opplyste mennesket vil vere sin eigen herre, sjølvbestemt og med full sjølvråderett.
Dette er sedskiftet frå Heilag-Olav si tid i revers. Vi må vere dei første til å innsjå det og dermed dei første til å leve motkulturelt. Difor feirar vi olsok-messe på Olavsdagen 29. juli. Velkomen i St. Johannes Døperen menighet sundag kl. 11.